mandag 19. november 2012

Julekveld for alle-“plakat”

image

Julemiddag, kaker og nissebesøk
1.juledag 2012 (tysdag 25. desember),
Skollebakken Aktivitetshus, Ulsteinvik
kl 15.00 – 21.30

For innbyggarar i Hareid og Ulstein.
Ope for alle (familiar, enkeltpersonar, alle aldersgrupper). Gratis å delta.

Vil du støtte arrangementet økonomisk, bruk kontonummer 3910.45.87821.

Les meir på www.facebook.com/JulekveldForAlle og julekveldforalle.blogspot.no eller kontakt Stian Runne Brandal (97755425), Inger Anne Dimmen (98230613) eller Hanne Notøy (97558816).

Påmelding innan 15. desember.

lørdag 22. september 2012

Hjelp oss å spre bodskapen!

Kjenner du nokon som bør vite om arrangementet “Julekveld for alle”? Ikkje nøl med å dele både bloggside og Facebook-side – eller fortel om det “på gamlemåten” (ansikt til ansikt, jungeltelegraf osv).

Arrangementet er ope for alle som ønsker å delta, anten det er familier eller enkeltpersonar, alle aldersgrupper.

Det er gratis å delta. Det vert servert julemiddag, kaffi og kaker, lett underholdning, og julenissen kjem sjølvsagt innom.

Arrangementet er i år lagt til Skollebakken Aktivitetshus i Ulsteinvik, og er for innbyggarar både frå Hareid og Ulstein.

Dei som ynskjer å gi pengar til arrangementet kan bruke kontonummer 3910.45.87821. “Julekveld for alle” er registrert i Brønnøysundregisteret, og har konto i Sparebanken Møre.

fredag 21. september 2012

Vil du gi eit bidrag?

“Julekveld for alle” er eit gratis tilbod for alle som ynskjer å vere med på julekvelden første juledag.

Dei som ynskjer å gi pengar til arrangementet kan bruke kontonummer 3910.45.87821. “Julekveld for alle” er registrert i Brønnøysundregisteret, og har konto i Sparebanken Møre.

tirsdag 18. september 2012

Julekveld for alle - infobrev

Første juledag (25.12.2012) vert det arrangert Julekveld for alle på Skollebakken Aktivitetshus i Ulsteinvik. Dette er ei vidareføring av ”Alternativ Jul” som vart arrangert på Hareid i fjor for innbyggarar i Hareid og Ulstein kommune.

Arrangementet er ope for alle som ønsker å delta, familier eller enkeltpersonar, alle aldersgrupper.

Arrangør er foreninga ”Julekveld for alle” (org.nr 998 483 166) som vert dreven av Stian Runne Brandal, Inger Anne Dimmen, Hanne Notøy, Annika Brandal og Marianne Breivik.

Første juledag opnar vi dørene kl 15.00, maten vert servert kl 16.30. Vi serverer tradisjonell julemiddag med tilbehør, samt kaffi og kaker til dessert. Vi held ope til kl 21.30.

Vi har eigne lokale der det er aktivitetar for born. Vi vil og sørge for underhaldning dersom det vert mange påmelde. Julenissen kjem sjølvsagt på besøk.

Ta kontakt i god tid dersom du har matallergiar eller liknande som vi må ta hensyn til. Dersom du av religiøse eller andre grunnar ikkje ønsker tradisjonell julemiddag av svin og får vil vi gjerne ha beskjed slik at vi kan ordne anna mat.

Skollebakken er universelt utforma med rullestolrampe og handicaptoalett. Er der andre hensyn vi bør ta ber vi om at du tek kontakt i god tid.

Påmelding skjer til ein av dei som er lista under. Det er gratis å delta, men alle som vil gi pengar til arrangementet kan bruke kontonummer 3910.45.87821

Vi tek imot påmelding frå 19. september, til og med 15. desember.

Påmelding skjer til:
Stian Runne Brandal – tlf. 97755425 – post@stianrunnebrandal.no
Inger Anne Dimmen – tlf. 98230613 – inger.dimmen@ulstein.kommune.no
Hanne Notøy – tlf. 97558816 – hannen71@gmail.com

Bloggen vil bli oppdatert med meir informasjon etterkvart.