lørdag 22. september 2012

Hjelp oss å spre bodskapen!

Kjenner du nokon som bør vite om arrangementet “Julekveld for alle”? Ikkje nøl med å dele både bloggside og Facebook-side – eller fortel om det “på gamlemåten” (ansikt til ansikt, jungeltelegraf osv).

Arrangementet er ope for alle som ønsker å delta, anten det er familier eller enkeltpersonar, alle aldersgrupper.

Det er gratis å delta. Det vert servert julemiddag, kaffi og kaker, lett underholdning, og julenissen kjem sjølvsagt innom.

Arrangementet er i år lagt til Skollebakken Aktivitetshus i Ulsteinvik, og er for innbyggarar både frå Hareid og Ulstein.

Dei som ynskjer å gi pengar til arrangementet kan bruke kontonummer 3910.45.87821. “Julekveld for alle” er registrert i Brønnøysundregisteret, og har konto i Sparebanken Møre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar